Fokusområde
Velkommen alle damer i Ålesund golfklubb.
Vi i damekomitéen har som mål å sjå alle damespelarane i klubben vår, og det kan vere ei utfordring å tilrettelegge aktivitet for alle nivå. Vi har også denne sesongen valgt å ha nokre scramble- og parturneringar, i håp om å få med fleire nye spelarar. Vi skal også legge opp til eit program som motiverar og inspirerar våre etablerte spelarar, ved at vi kvar individuell runde har fokus på både netto- og bruttoresultat. Vi håper og trur at vi har fått til eit program som kan fenge alle.
Rekruttering
Vi fortset det viktige arbeidet med å rekruttere damer til Damegruppa, og kontakter nye golfarar og informerer og inviterer til spel ilag med oss.
Eclectic:
I løpet av heile sesongen set vi saman ein optimalrunde. Det beste resultatet på kvart enkelt hol er tellande. Vi kårar netto- og bruttovinnar etter endt sesong. Informasjon vert gitt etterkvart.
Golftur med Damegruppa
Invitasjon blir sendt ut på e-post. Håper du blir med!
