Informasjon frå styret.

Til klubbens medlemmer!

Med bakgrunn i situasjonen rundt koronaviruset, er mykje usikkert dei nærmaste månane.

Styret i klubben vil oppmode alle om å følgje myndigheitene sine råd og oppfordringar. Dei restriksjonane som er innført vil også påverke klubbens drift i tid framover. Ikkje minst økonomien i klubben vil bli påverka. Tidspunkt for opning av Solnør er  normalt avhengig av vær og vind(temperatur), men i år er det meir usikkert grunna korona situasjonen,  får vi lov til å opne for spel på bana? Får vi opna kroa? Kan vi ha turneringar mm. Vi har alt stengt simulatorane og DR på Moa er stengt, detter gir oss store tap.

Det meste er usikkert, men vi håper i det lengste at situasjonen skal bli meir avklart i løpet av 1 månads tid.

Vi har nyleg sendt ut faktura på medlemskontingent, vi ber alle om å betale denne ved forfall. Vi har forståles for at enkelt medlemmer kan ha økonomiske utfordringar i den situasjonen vi er i, men vi oppmodar alle om å slå ring rundt klubben i ei vanskeleg tid.

Om du ynskjer å dele opp kontingenten i månads avdrag ta kontakt med administrasjonen. Klubben har sine faste utgifter og medlemskontingenten er den klart største inntekta til klubben!

Vi har innført kjøpe stopp for alt som ikkje er heilt nødvendig for å halde klubben gåande(innkjøp til stell drift av bana er unntaket, men her vil det også bli strenge prioriteringar)

DL (Ståle) vil bli permittert  i første omgang 1 mnd. Klubbsekretær  Malene vil ha heimekontor og  ha ansvar for det administrative arbeidet.

Når det gjeld dei annonserte dugnadane i April er vi usikre på om det kan gjennomførast slik vi hadde tenkt. Men dei medlemmane som har overskot og arbeidslyst til å gjere ein jobb åleine, er reinsking av bunker eit oppdrag som kan utførast. Anleggskomiteen ved Jonny Kaald (mob.41668652)kan kontaktast for meir informasjon.

På Moa er vi godt i gang med oppsetting av nytt sikrings nett, dei fleste stolpane er på plass, og nytt nett er ventande i løpet av 4 veker.

Rangen vil bli stengt til nytt nett er på plass. 

Har du spørsmål ta kontakt med DL 90010934 - eller klubbsekretær Malene 90205500.

Eller E-post : This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Helsing
Ålesund Golf klubb

Styret