Damegruppen

Fokusområde


Velkommen alle damer i Ålesund golfklubb.

Vi i damekomitéen har som mål å sjå alle damespelarane i klubben vår, og det kan vere ei utfordring å tilrettelegge aktivitet for alle nivå. Vi har også denne sesongen valgt å ha fleire Scramble-turneringar, i håp om å få med fleire nye spelarar. Vi skal også legge opp til eit program som motiverar og inspirerar våre etablerte spelarar, ved at vi kvar individuell runde har fokus på både netto- og bruttoresultat. Vi håper og trur at vi har fått til eit program som kan fenge alle.


Rekruttering

Vi fortset det viktige arbeidet med å rekruttere damer til Damegruppa, og kontakter nye golfarar og informerer og inviterer til spel ilag med oss. «Lave skuldre»-turneringane vil vere midt i blinken for nykomarar, men alle er sjølvsagt velkomne til å delta alle onsdagar.


Chrisco-turneringane
fortset også denne sesongen. Namnet kjem av at vi får sponsa ein golfbag frå Chrisco golf via Sport 1 Spjelkavik. Stor takk til Sport 1 v/Anne Nikoline Furmyr som gjer dette mogleg for oss. Tre beste Chrisco-rundar av 7 rundar vil  danne grunnlag for å verte eigar av ein heilt ny golfbag.


Eclectic
:
I løpet av heile sesongen set vi saman ein optimalrunde. Det beste resultatet på kvart enkelt hol er tellande. Chriscorundane vil danne grunnlag, samt fire rundar på back. Vi kårar netto- og bruttovinnar etter endt sesong.  Informasjon vert gitt etterkvart.


Golftur med Damegruppa

Eige skriv blir sendt ut. Håper du blir med!

 

  

Siden kunne ikke lastes ned korrekt pga en teknisk feil.Page Error Object: 424
Error Description: Object required
Source: Microsoft VBScript runtime error
File: /department.asp